8 sept, 2010

100 matboder – over 300 utstillarar er snart klare!

 

Festvalkontoret er klart!

BERGEN MATFESTIVAL ER UNIK!

Det unike med Bergen Matfestival, ”Bønder i Byd’n” er at produsentane  sjølve kjem med eigne produkt  og sel  dei til eit publikum som veit å sette pris på varene.
Det kjem produsentar og utstillarar frå Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Rogaland, Buskerud og Hedemark. Sjå utstillarliste.

Dette er ein av grunnane til at festivalen har fått slik suksess. Matprodusentar og folk flest setter stor pris på direkte og usminka informasjon/dialog om produkta.

Alt skjer på Bryggen i Bergen !
Utstillarar og aktiviteter i festivalområdet;
15 lokale sjømatprodusentar  er med å auka mangfaldet på matfestivalen

Frukt (15), Kjøtt (14) Sjømat (15) Meireiprodukt (10) urter og grønsaker (15) Honning (9) Bakarvarer (15) savt og sider, iskrem, informasjonstander og Veteranbåtar.
I tillegg til dette får vi besøk av Aztec Lady, som kjem frå Normandie med smaker frå Frankrike. Hurtigruta vil legge til kai på søndag ettermiddag og invitere til åpent skip.

På Matfestivalen i Bergen vert det mat demonstrasjonar, aktivitetar for born og vaksne, restaurant tilbod og smaksprøvar.

Arrangørar av Matfestivalen i Bergen:
Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommunen, Bergen Kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge i begge fylka.
Drifta av festivalen, vert som tidligare år drifta av Fylkesmannen v/Landbruksavdelinga i Bergen.
Matfestivalen i Bergen er eit lavbudsjett arrangement, der vi dreg nytte av personar, som har eit stort engasjement innan lokal foredling og som brenn for lokale råvarer.

 Med venleg helsing!

Gunnar Nagell Dahl
Matattache` /Festivalsjef
Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga

Tel;    55 57 21 50
Mob:  95 11 84 90

gnd@fmho.no
www.matfest.no

Legg igjen ein kommentar