Bergen Matfestival fortsatt størst på lokalmat!
86 utstillarar er så langt bekrefta til årets Matfestival, og til opninga fredag 9. september vil dei vere godt over 90. Bergen Matfestival er den største lokalmatfestivalen i landet, og hovudmarknad og viktigaste profileringsarena for småskalaprodusentar frå Hordaland og Sogn og Fjordane.
Matfestivalen i Bergen/Bønder i Byd’n starta opp i 2002 med 60 utstillarar midt på Torgalmenningen i Bergen. Arrangementet har vakse vidare og flytt til Bryggen, noko som har gjeve festivalen ei fast og historisk god ramme.
Samarbeidet med Sjømat for alle er utvikla og integrert i Matfestivalen, og knyt saman jord og fjord. I år vil fleire veteranbåtar ligge ved Bryggen med kafétilbod, og det vil bli selt kvalkjøt og fisk frå båt. I år er det dessutan særs stor påmelding frå sjømatsida. Restaurantar i og rundt Bryggen set lokalmat på menyen i festivaldagane.
Interessa for lokalmat og tradisjonsmat er spesielt stor i Bergensområdet. Det har den nok ”alltid” vore, det har truleg noko med historiske høve å gjere, då Bergen alltid har vore forsynt frå distrikta på Vestlandet og vore hovudknutepunkt for mateksport frå heile Noreg. Dei seinare åra er det særleg den store framveksten av gardsmat- og småskalaprodusentar i Hordaland og Sogn og Fjordane, samt salskanalane Bondens Marknad og Bergen Matfestival som skal ha æra for dette. Vonaleg vil den gode utviklinga halde fram når Bergen får ferdigstilt den nye mathallen og at samarbeidet kan utvikla seg vidare til ein felles matsatsing, som kan bli til nytte i proffileringa av vestlandet, som matregionen i landet.
