14 sept, 2011

Matfestivalen 2011 er avslutta! Kva no?

Matfestivalen 2011 er avslutta  – innimellom regnbyene. Vi hadde nærmare 200 løpemeter med doble  boder i i frå bortimot 100 matprodusenter – med deltaking i frå store deler av vestlandet. På laurdag – med solglytt innimellom – kokte det av folk på Bryggen.

Dei fleste produsentane kunne opplyse at dei neppe kunne huske å ha hatt større omsetning under matfestivalene enn  denne laurdagen.  Gode dager  på fredag og sundag kjem i  tilllegg. Mange gjekk seg tom for varer og måtte organisere nye forsyningar. For produsentane var dette ein suksess, økonomisk, sosialt og med omsyn til nettverksbygging og framtidig marknad.

Kva så med kundane – som er både Bergensarar, bygdefolk som tek seg inn til byen desse dagen og alle turistane ?     Dei stod i kø for å sikre seg varer – med tomme ryggsekker og fulle kredittkort. Men dei fleste fekk det dei var på jakt etter – gjerne hos sine ”leverandørar”.

Kjøpmennene rundt omkring i byen må etterkvart synest at dette er ei merkeleg forestilling   : Summen av kolonialforetningar i byen er vel gjerne tilstrekkeleg dimensjonert  til å betjene heile  landet sin befolkning og likevel står folk i kø i timesvis desse tre dagane for å ”sikre” seg føderåd  til hausten. Det er noko grunnleggjande underleg ved dette skuet.

Vi er no spente på om den nye mathallen i Bergen vert slik organisert at folket i byen får tilgang på varer – også får landbrukssektoren – slik at vi verkeleg kan få fram det unike matmangfaldet i i Bergen og på Vestlandet.

Ole Bakkebø

Landbruksdirektør

Legg igjen ein kommentar